|
Om Valborg
Valborg Hustadnes
(f 1942), voks opp i Ytre Ålvik i Hardanger, men flytte i 1970 til
Austefjorden i Volda kommune. Ho er psykiatrisk hjelpepleiar og
arbeider no ved Nordfjord Psykiatriske Senter på Nordfjordeid.
Hustadnes har ei levande interesse for lokal historie. Denne
interessa har ho kombinert med å være frilansjournalist, og med
hennar evne til å kome i kontakt med folk, har ho også gjennom
arbeidet, kome tett innpå eldre personar som veit korleis Volda var
gjennom dei siste 100 åra.
Lesarar av aviser i
distriktet har kunna lese ei mengd artiklar av Valborg Hustadnes.
Forutan nyhendereportasjar og personintervju, har det mest vore artiklar
om stader, hendingar og om korleis folk levde i tidlegare tider.
Hustadnes har
gjennom heile livet vore glad i fjellet, og i sport og friluftsliv.
Av større ekspedisjonar kan nemnast ein sykkeltur på 3310
kilometer i 2003, mellom dei fire geografiske ytterpunkta i Noreg.
I fjella rundt
Austefjorden og elles i Volda kommune, er ho mellom dei som har
ferdast mest. Sætrane har vore eit møtepunkt for hennar historie,
kultur og friluftsinteresse. Ho har med åra utvikla ein omfattande
kunnskap om emnet. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn for
denne boka. |
|

Boklansering, Kvivssætra

Ved Tårnet med Tordis |